mandag 22. juni 2009

10 års skulegang er over....

Så er 10 års skulegang over for denne flotte gjengen. No skal dei vidare uten innblanding av "gammeldagse og teite" foreldre ;))
Vi foreldre inviterte elevane, klassekontakt og rektor til avslutning i Hønsehagen i Stongfjorden. Det er ein vinkjellar oppbygt rundt temaet Middelalderen.
Kanskje dei fekk sin siste grunnskule-lærdom denne kvelden?? :D

-Dei flotte ungdommane våre :)




Siste fotosesjon....


Lærerane hadde laga en samlecd med bilder frå åra på Gjelsvik skule. Det framkalte mykje latter både hos elevar og foreldre :))

Middagen var kjøtt med spelt,rotgrønsaker og bær. Skikkelig middelalderkost. Sjekk det bestikket då! Laga av smijern.. Ganske upraktisk å ete med, men er vi i middelalderen så er vi det... :)


Desserten var rose"fromasj" med bær. Smakte en tanke parfyme ;)


Høns i hønekassa. Utstoppa..


Barskapet ;)


Hønsehagen vinkjellar.



Klebersteinsvask med kobberkjele. Vatnet kom automatisk ut av tuten på kjelen når vi holdt hendene under.... Ikkje mykje middelaldersk med det iallefall :))


Middelalderen var jo rottealderen... Heldigvis var desse utstoppa...


Veggane var full av middelalder-måleri.


Vertskapet Einar og Synne Alsaker og Charlotte Rintler. Det er Charlotte som har malt alle maleria på veggane.
Dei har gjort ein fantastisk jobb med å få dette til. Tusen takk for en kjempeflott kveld, alle sammen.

Vil du sjå fleire bilder og lese meir om prosjektet deira, finn du det HER.

LYKKE TIL MED RESTEN AV SKULEGANGEN TIL ALLE 8 UNGDOMMER :)


1 kommentar:

  1. Det var jammen eit imponerende lokale! Gjennomført og grundig, det likar eg:)

    Flotte ungdommar!

    SvarSlett